Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 401 artiklar i dette arkivet.


Gruppespelet er ferdig

Ole Petter Talgø Torsdag 23. juni 2016

Gruppespelet i EM er ferdig, og vi startar på sluttspelet. Det er morosamt at så mange har blitt med på tippekonkurransen, og vi håpar engasjementet fortsetter utover i sluttspelet. Første åttandedelsfinale startar laurdag klokka 15, så hugs å tippe ditt resultat før den tid.


Jamnt i toppen i tippinga

Ole Petter Talgø Sundag 19. juni 2016

No har alle laga i EM spela to kampar, og vi går inn i sluttfasen på gruppespelet. Det er fortsatt 12 kampar igjen av gruppespelet, pluss 15 kampar i sluttspelet. I toppen av Todalen.no sin EM-tippekonkurranse er det særdeles jamnt, og det virkar som om det er ein ny i tet etter kvar kamp. Det er også 14 personar innafor 4 poeng, og 31 innafor 8 poeng. Med andre ord heilt åpent med tanke på at det fortsatt er mogleg å få 81 poeng.


EM-tippinga er i gang

Ole Petter Talgø Sundag 12. juni 2016

EM-tippinga er i gang, men det betyr ikkje at det er for seint å melde seg på. I Todalen.no sin EM-tippekonkurranse kan du tippe resultat på alle EM-kampane heilt fram til kampstart, og så langt er det 4 av 51 kampar som er ferdige. Det er fortsatt nok kampar til at du kan vinne sjølv om du ikkje var med frå starten.


Månadens bilete: Maikveld på kyrkjegarden

Ole Petter Talgø Sundag 12. juni 2016

For mai kan vi gratulere Ingri Bruset som vinnar av månadens bilete med «Maikveld på kyrkjegarden». Det var ei jevn avstemning med ein vinnar som var 10 stemmer foran «Vårløysing», medan alle dei fire andre fekk mellom 15 og 20 stemmer. Vi gratulerer og lover at premien blir overbrakt ved første anledning.


Todalen.no EM-tipping 2016

Ole Petter Talgø Onsdag 8. juni 2016

Det er straks klart for eit stort mesterskap i Frankrike, og vi har derfor laget en tippekonkurranse som vi håper mange vil være med på. Her vil du kunne tippe på alle kampene i EM frem til kampstart for hver av de, og så ved kampstart se hva Todalen.no sine lesere tror om kamputfallet. Etter kampslutt vil det bli delt ut poeng for riktig resultat, riktig målforskjell og riktig vinner.


Stem på månadens bilete for mai

Ole Petter Talgø Sundag 5. juni 2016

No har sommaren verkeleg kome, og vi har fått inn mange sommarlege motiv dei siste vekene. Det betyr også at vi skal stemme fram månadens bilete for mai. Vi takkar alle bidragsytarar til dagens bilete gjennom den siste månaden! Her finn du kandidatane vi har plukka ut denne månaden.


Månadens bilete: Vårkveld

Ole Petter Talgø Fredag 3. juni 2016

Då er vi endelig klare for å annonsere vinnaren for månadens bilete i april, og det blei Anne Hjørdis Caspersen Telstad som vinnar av månadens bilete med «Vårkveld», med 47 av dei 180 stemmane som kom inn. Vi gratulerer og lover at premien blir overbrakt ved første anledning. Grunna den forsenka annonseringa av vinnaren, kjem vi tilbake med ny avstemning for månadens bilete for mai allereie i morgon.


Stem på månadens bilete for april

Ole Petter Talgø Laurdag 21. mai 2016

Vi er godt i gang med mai, og det betyr at vi skal stemme fram månadens bilete for april. Vi takkar alle bidragsytarar til dagens bilete gjennom den siste månaden! Nedanfor finn du kandidatane vi har plukka ut denne månaden. Stem på din favoritt her.


Kodeinnbrudd på Todalen.no

Ole Petter Talgø Måndag 2. mai 2016

Natt til søndag 1. mai ble det gjennomført et kodeinnbrudd på Todalen.no, som gjorde at enkelte besøkende fikk opp pornografiske annonser på Todalen.no. Vi har nå gjennomgått koden og fjernet kodesnutten som trolig har forårsaket dette innbruddet. Les mer om dette her.


Månadens bilete: Fagert er landet

Ole Petter Talgø Måndag 18. april 2016

For mars kan vi gratulere Kristine Saksen Ulvund som vinnar av månadens bilete med «Fagert er landet», etter ei tett avstemning med heile fem kandidatar på mellom 20 og 35 stemmer. Vi gratulerer og lover at premien blir overbrakt ved første anledning.


Stem på månadens bilete for mars

Ole Petter Talgø Onsdag 6. april 2016

Då er det klart for å stemme fram vinnaren av månadens bilete for mars. Vi takkar alle bidragsytarar til dagens bilete! No som våren er komme for alvor og sola er oppe til godt ut på kvelden, satsar vi på at du tek fram mobilen eller kameraet hvis du ser eit fint motiv.


Stem på månadens bilete for februar

Ole Petter Talgø Fredag 11. mars 2016

Då er det klart for å stemme fram vinnaren av månadens bilete for februar. Vi takkar alle bidragsytarar til dagens bilete! Hugs årsmøte for Todalen.no 8. mars, kor vinnaren av årets bilete for 2015 også blir avslørt.