Tysdag kveld hadde styret i Todalen historielag kalla inn sine medlemmer til årsmøte. Litt over tjue medlemmer møtte opp for å delta på årsmøtet. Innkalling, sakliste vart samrøystes godkjent. John Moe vart valt til ordstyrar og Inger Johanne Iversen til skrivar. Jon Bruset og Wenche Ø. Kvendset vart valt til å underskrive årsmøteprotokollen.
Årsmeldinga
Årsmeldinga viste eit år med bra og variert aktivitet, der ein kan nemne Ettermiddagskaffe, historisk vandring på Nordvik, busstur i samarbeid med Stangvik historielag til Oppdal, årsskriftslepp og 150-årsjubileum sidan «storspelemann» Halvor Ørsal vart fødd.
Laget hadde i 2025 175 medlemmer.

Haukåbrua var ei bru som fleire gonger vart øydelagt når Haukåa var flaumstor. Her er eit bilete frå kanskje siste gongen dette skjedde? Foto: Todalen historielag sitt fotoarkiv
Rekneskap
Rekneskapen for 2025 viste eit underskot på litt over 25.000,- kroner, men eit tilskot frå Surnadal kommune for 2025 på 15.000,- vart utbetalt i 2026, så det verkelege underskotet er litt over 10.000,- kroner. Laget hadde ved årsskiftet bortimot bankinnskot på bortimot 90.000,- kroner.
Historielaget skifta frå januar forsikringsselskap frå Gjensidige til det nye Brannkassen.
Val
Valet var fort gjort, da det var attval omtrent over heile fjøla. Styret ser etter årsmøtet slik ut:
- Leiar: John Moe, attval for 1 år
- Nestleiar: Ragnar Halle, attval for 2 år
- Kasserar: Sven Olav Svinvik, attval for 2 år
- Sekretær: Inger Johanne Iversen, ikkje på val
- Styremedlem: Britt Mossing, ikkje på val
- Varemedlemmer for 1 år: Knut Hallset, attval for og Tove T. Brøndbo, ny.
- Revisorar for 1 år: Kristen Bruset, attval og Frode Grønmyr, attval.
- Valnemnd for 1 år: Kristian H. Gjeldnes, attval og Ola Bruset, attval.
Medlemskontingent
Medlemskontingenten vart samrøystes fastsett til 250,- kroner for enkeltmedlem og 350,- kroner for familiemedlemskap.
Historiske skulebilete
Etter at det formelle årsmøtet var ferdig, viste Ingri Bruset og Ragnhild Ansnes Moe historiske skulebilete.
Bileta er tekne av mangeårig lærar og rektor ved Todalen skule, Ola Telstad. Det er etterkomarane hans som har gjeve bort bileta til historielaget, slik at ei blir tekne vare på.
Karstein Telstad har gjort ein stor og grundig jobb med å digitalisere dei litt over 700 bileta i samlinga etter Ola.
Her var det nok mange av dei frammøtte medlemmane som fekk sjå seg sjølv i litt yngre utgåve!
Kveldsmat avrunda det heile
Årsmøtet vart på tradisjonelt vis avslutta med kveldsmat.





