Måndag kveld hadde styret i Surnadal Golfklubb kalla inn sine medlemmer til årsmøte i klubbhuset sitt på Mo. Rundt tjue av klubben sine medlemmer møtte fram til årsmøte. Styreleiar Lars Ove Løseth presenterte ei rikhaldig årsmelding som bekrefta at drifta i golfklubben er særs god, med stor aktivitet på fleire frontar.
Rekneskapen for 2025 vart framlagt, og den viste eit «pent» overskott. Klubben har ein solid eigenkapital etter mange år med god økonomistyring.
Lars Ove Løseth tok attval som styreleiar
Siste sak på saklista var val. Etter valet vart styret sjåande slik ut:
Lars Ove Løseth, styreleder (attval for 1 år)
Tom Erik Kvande, nestleder (attval for 2 år)
Sigrid Janne Moen, sekretær (ny for 2 år)
Martinus Grønnes, kasserer (ikkje på val)
Laila Kvendset Bergli, styremedlem (attval for 2 år)
Håkon Sæther, styremedlem (ikkje på val)
Eirin Polden, styremedlem (ikkje på val)
To nye æresmedlemmer
Etter at det formelle årsmøtet var ferdig, var det tid for utdeling av to æresmedlemsskap. Det var Hallvard Kvande og Einar Grønnes som vart utnemnt til i klubben. Dette er to karar som har gjort ein formidabel innsats for klubben i mange år, heitte det i grunngjevinga for utnemninga. Hallvard har vore styreleiar i to perioder i tilsaman 10 år, medan Einar har arbeidd med banedrift og dugnadsarbeid i 20 år. Han var også nestleder i styret i mange år. Den eigentlege plana var at utnemninga skulle ha skjedd under jubileumsfesta i fjor haust, men da var ingen av dei der.

Hallvard Kvande (t.v.) og Einar Grønnes utnemnt til æresmedlemmer i Surnadal Golfklubb. Foto: Surnadal Golfklubb



