Sanitetsforeninga arrangerte årsmøte i Sanitetshuset tysdag 24. februar. Leiar Solveig Glærum opna møtet og ønskte vel møtt. Ho syntest det var riktig bra at heile 17 medlemmar var møtt fram.
Kristine Saksen Ulvund vart vald til møteleiar, erfaren og dyktig!
Frå årsmeldinga 2025:
*79 medlemmer, ein auke på tre frå i fjor
*ni medlemsmøte, ni styremøte
*ti arbeidsmøte/prosjektmøte
*eitt felles styremøte med Surnadal sanitetsforening
Aktivitetar
*ein runde med fotpleie
*Strikkekaffe – ti laurdagar. Av og til med utlodding. Åse Ville Redalen og Kari Kvendset har hatt ansvaret, med Arndis Søyset som reserve. Trivelege og sosiale samvær, av og til med utlodding.
*Kløvertur. Fast turdag måndag. 29 turdagar.
*Kunstlotteri – tre bilete av Hilde Karlsen
*Kvinnehelseforedrag. Tema: Osteoporose
*Sal av maiblomster
*Russ 2025. Samarbeidsprosjekt med Surnadal Sanitetsforening og Surnadal Sparebank
*Sommaravslutning i Sanitetshuset
*Basar 23. oktober – resultat ca. 41 000 kroner
*Utdeling av juleblomster til todalingar over 80 år
*Kveldsmat på sjukeheimen
*Digitale møte arrangert av NKS
*Kanskje kommer kongen – servering av lunsj tre gonger
*Juleavslutning på Todalshytta
*Oppussing av kjøkken og toalett
Omsorgsberedskap
Ingrid Pedersen er leiar omsorgsberedskapsgruppa og har eit godt samarbeid med omsorgs- beredskapsgruppa i Surnadal. Gruppa serverte mat og drikke til brannmaskapet ved husbrann i Todalen. Dei har også organisert møte for å dele erfaringar etter stormen Amy som ramma kommunen hardt. Årets nyord er beredskapsvenn.
Styret for 2026 er: Leiar Solveig Glærum, nestleiar Ingrid Pedersen, sekretær Steffi Bohle, kasserar Ragnhild Ansnes Moe, styremedlem Åse Ville Redalen. Varamedlemmer: Arndis Søyset, Jorunn G. Ørsal. Husstyre: Jorunn Husby og Synnøve Hole Talgø
Økonomi
Sanitetsforeninga har god økonomi, med godt overskudd i 2025. Budsjettet for 2026 er sett opp i balanse. Det blir mellom anna løyvd pengar til tre prosjekt for ungdom som slit psykisk eller har rusproblem.
Trekning av kunstlotteri 2025 – bilete av Hilde Karlsen
Og vinnarane er: Myrull – Jon Olav Ørsal, Ut på tur: Liv Jorunn Bævre Moe, Blussende rød: Kristine Saksen Ulvund. Saniteten takkar alle som kjøpte lodd!
Myrull av Hilde Karlsen.



