Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Årsmøte i Surnadal Heimbygdlag

Dordi Jorunn Halle Tysdag 24. februar 2026

Eivind Hasle takka av som styremdlem og skrivar i Surnadal Heimbygdlag på årsmøtet måndag 23. februar. Han fekk stor takk, ros og velfortente blomster for innsatsen gjennom mange år!

Årsmeldinga syner at medlemstalet aukar, dels på grunn av at Rindal Heimbygdlag er lagt ned og at medlemmene derifrå er overførte til Surnadal Hembygdlag. Derfor det forslag på nytt namn: Heimbygdlaget – Surnadal og Rindal. Kan hende kan ein få verve nye medlemmer i Rindal, også.

Noregs Mållag har fått mange nye medlemmer dei siste par åra og har no ca. 16 400 medlemmer.

Styret i Surnadal Heimbygdlag. Frå venstre: Leif Roar Bævre, Svein Sæter, Gerd Ingrid Kvendset og Eirik Endreson Klinge. Foto: Dordi Jorunn Halle.

No er Surnadal den kommunen som ligg lengst nord med nynorsk som administrasjonsspråk. Det til tross for at alle dialektene frå Nordmøre og heilt nordover til Finnmark ligg nært opp til nynorsk skriftspråk. Nordmøre mållag ved Nils Ulvund og Svein Sæter er i ei aksjonsgruppe for å berge nynorsk i kommunane. Det blir arbeidd med å arrangere kurs for å gjere kommunalt tilsette meir kompetente i bruk av nynorsk.

Å ta vare på nynorsk handlar om å bruke og ta vare på bygdemålet, lokal historie, kulturarven og mangfaldet i ord og uttrykk.

Nestleiar Svein Sæter har vore på skriveinspirasjonsturne til alle skulane i kommunen med tanke på nye og unge diktskrivarar.

Styret i Heimbygdlaget er: Leiar Gerd Ingrid Kvendset, nestleiar Svein Sæter, skrivar Leif Roar Bævre, kasserar Eirik Endreson Klinge. Det må arbeidast vidare for å få på plass siste styremedlemmen. 

Eivind Hasle hadde «Ord for dagen» og las korte og humoristiske dikt av Bjørn Nilsen.

Laget Vårsøg har gjennomført årsmøte og gjort vedtak om å arbeide vidare med ein kulturfestival våren 2027, eventuelt med eit ny namn.

Årsmøtet til Nordmøre Mållag er lagt til Surnadal i år og blir arrangert 14. mars.

Eivind Hasle siterte frå stiftingsmøtet til Surnadal heimbygdlag 26.2.1973:

  1. Surnadal Heimbygdlag skal arbeide for å halde vedlike det verdifulle i bygdekulturen, auke kjennskapen til og vørdnaden for vår eigen kulturarv, så denne kan bli ført vidare inn i framtidssamfunnet. 
  2. Med tanke på dette vil Surnadal Heimbygdlag derfor drive studie – og opplysningsarbeid, same verdifulle folkeminne og føre arbeide med lokalhistoria vidare, ta vare på bygdemålet i ord ord og uttrykk gjennom innsamlingsarbeid og bruk, berge stadnamna frå å bli gløymde, samle folkemusikk og gjera den tilgjengeleg både lokalt og nasjonalt.
  3. Laget skal vera tilslutta Noregs Mållag gjennom Nordmøre Mållag 
Først publisert: 24. februar 2026, 00:36 - Sist oppdatert: 25. februar 2026, 12:39