Onsdag hadde styret Pensjonistforbundet Surnadal kalla inn sine medlemmer til årsmøte på Surnadal frivilligsentral i Fiskegården på Skei. Ann-Sissel U. Mogstad har sendt oss eit lite referat frå årsmøtet.
– Tradisjonen tru, vart medlemmar som har gått bort i løpet av året, heidra med eitt minutts stillheit, fortel Mogstad.
Etterpå var det vanlege årsmøtesaker, med mellom anna årsmeldingar og rekneskap som stod på agendaen.
– Det heile gjekk både fort og greitt, så det vart god tid til både kaffi med kjeks og oppsmurt, og den viktige praten kring borda, avsluttar Mogstad.
Bitten Ranes held fram som leiar, medan Anne-Sissel Ulven Mogstad, Odd Asbjørn Bævre, Brage Einum og Jan Gausen takkar for seg i styret.
Bitten får med seg Wenche Ø. Kvendset, Ragnhild Vorum, Nils Petter Tonning, Kjell Bævre og Brynhild Tjelle i det nye styret, som skal konstituerast torsdag.








