Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Aron og Isak tok gull og bronse på vertikalen

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 14. februar 2026

Laurdag inviterte Trollheimen Fjellsportklubb og Idrettslaget Søya til Youth World Cup (YWC) i Randonee på Vang skiarena på Røen. Det skulle i dag konkurrerast i vertikal, der det handlar om å kome først opp til toppen. Løypa var 3,3 kilometer lang, og den steig 550 meter frå start til mål. Etter ein lang periode med temperaturar langt nede på den blå delen av gradestokken, hadde temperaturen bevega seg oppover eit stykke, så det var fin temperatur og sol som varma.

Aron og Isak med gull og bronse på heimebane. Foto: Vigdis Rodal

Gull og bronse på heimebane

Dei to landslagsløparane frå Trollheimen Fjellsportklubb, Aron Rodal Haugen og Isak Drøpping stilte i U 20 klassen. Båe to gjorde eit skikkeleg godt løp, og Aron vart førstemann til å krysse målstreken på toppen, nokre sekund før Isak som kom på tredjeplass.

Både på første og andre mellomtid, låg Aron og Isak på tredje og fjerdeplass, men ei sterk avslutning gjorde at dei to kunne kom inn til gull og bronse.

Til overmål kom Iver Holen frå Tromsø Randoneeklubb, og treningskamerat med dei to på landslaget, inn på andreplass. Dette var Iver si første medalje i World Cup, så det var tre skikkeleg nøgde utøvarar som kunne klatre opp på den heilnorske sigerspallen etter løpet.

Aron (103) og Isak (111) gjer seg klare til start. Foto: B G Ansnes

– Dette var faktisk over forventning. – Vi trudde faktisk at vi skulle ha betre sjansar på i søndagens individuell, så vi er skikkeleg godt nøgd med dagens innsats og resultat, sa Aron og Isak etter målgang.

Godt nøgd arrangør

Leiar i Trollheimen Fjellsportklubb og sjef for YWF i Surnadal, Mette Sæter Ormset var kjempenøgd både med arrangementet så langt, og ikkje minst dagens gull og bronse.

– Det var så artig at Aron og Isak tok gull og bronse på heimebane, sa ho.

Mette kunne også konstatere at arrangementet i Surnadal Alpinsenter torsdag og på Vang i dag har godt knirkefritt og heilt etter planen.

Mette Sæter Ormset – Leiar i Trollheimen Fjellsportklubb, Mette Sæter Ormset var godt nøgd både med arrangementet og ikkje minst resultata. Foto: B G Ansnes

– Eg må få takke alle frivillige og vore sponsorar. Uansett kva vi har spurt om, så har svaret alltid vore ja, avslutta ho.

Familiedag med mange aktivitetar for dei yngste

Idrettslaget Søya hadde i samband med YWC på Vang også invitert til familiedag. Her var det lagt opp til forskjellege skiaktivitetar og aking for dei yngste.

Det hadde også møtt opp to maskotar som gjekk rundt og skapte glede under familiedagen, og sjølvsagt var det open kiosk med sal av kaffe, bakels, kakao og litt anna godt.

Eit vellykka arrangement både arrangementsteknisk og ikkje minst med tanke på resultat, i alle fall sett med lokale augo.

Artig med maskottar. Foto: B G Ansnes

Resultatliste YWC 14.2.26

Bilde teke litt ovanfor Klåberget. Foto: Jo Gjeldnes

Bilde teke litt ovanfor Klåberget. Foto: Jo Gjeldnes

Publisert: 14. februar 2026, 16:30