Over 90 deltok på nyttårsfest på Frichs hotell
Surnadal demensforening og helselag var vertskap for årets store nyttårsfest på Frichs hotell i Surnadal. Her vart det bygg på middag, dessert og kaffe til heile gjengen, og det var god stemning da leiar Liv Botten ønska velkomen til fest for 3. året på rad. Over 90 deltakarar hadde meldt seg på, og ut over god mat og triveleg lag vart det sjølvsagt moglegheit for ein svingom med trubaduren Erik Hoel frå Meldal. Elles sørga Gøran Bolme for meir lokalt innslag for mosjon av smilebandet. Etter kvart vart det og stor lotteri med massevis av gevinstar som sørga for nærare 15.000 i kassa til demensforeininga.
