Det tok tid å få på land årets første laks i Toåa, for det var først måndag at den 2,9 kgs laksen vart frista av flua til Jan Larsen. Det skjedde i Ner Hølen, og det var ein holaks som vart teken på flue, og som sjølvsagt vart sett ut igjen.
Det har vore liten vassføring i Toåa etter at fisket starta 1. juni, og dermed har det og vore få fiskarar. Dei siste dagane har det vore litt regn, og det er meldt meir regn framover, så no er det håp om betre fiske. – No har vi trua, seier Andreas Brøndbo som er leiar i Todalen elveeigarlag til Todalen.no
Vi på Todalen.no vil være på «elvakanten», og følgjer med på det som skjer med laksefisket i tida framover.

