Fredag 30. januar frå klokka 11:00 – 16:00 inviterer Lia gard til årets første bakeriutsal. Etter klokka 16:00 er det sjølvbetent utsal der dagens «leftovers» blir pakka i posar og lagt i utsalet for sal.
Lia gard varierer ofte med kva dei har av ferske varer, men fredag kan du få kjøpt følgande:
– Grovbrød
– Skulebollar med vaniljekrem
– Kanelsnurrar med vaniljekrem
– Kanelsnurrer
– Smultringar
– Sveler
I frysen finn ein:
– Suksessterter
– Konfektkaker
– Tjukklefser
– Tynnlefser
– Speltbrød
– Burgerbrød
Utsalget bugner elles av gode lokale godbitar:
– Kjøtt frå Ansneset Gard, som burgarar, pølser, grytekjøtt, indrefilet, ytrefilet og mange andre spennende stykningsdelar
– Egg frå Pestua Gard
– Honning frå Todals honning
– Eplemost frå Reina Fruktgård
– Spekepølser frå Steindalen Gård
– Potetgull frå Kanteføll flak
– Div jordbærgele frå Landrø Lensvik
– Is frå Røros is
– Poteter frå Solhus Gård
– Og mykje meir!
Ønsker ein å førehandsbestille bakst? Da kan ein bestiller ved å sende ein sms til telefon 415 71 278. Bestillingsfrist er onsdag 28 januar klokka 18:00.
Lia gard køyrer ut bakst gratis til bedrifter i sentrum.
Passer det ikkje kome innom på fredag, minner dei om at utsalet er sjølvbetent frå klokka 08:00 – 20:00 alle dagar!
Lia gard ønsker alle velkommen innom!

