Sist laurdag var det podekurs i Svinviks arboret. 16 deltakarar frå distriktet rundt okring deltok på kurset som altså vart arrangert i regi av arboretet, med Sven Olav Svinvik og museumsgartner Stefan Patric Nilsen som kursleiarar og ekspertar.
Kursdeltakarane fekk først teoretisk påfyll inne i kafeteria, medan praksisen i podearbeidet vart gjennomført utandørs i det fine vårvêret. Kvar deltakar fekk prøve seg på poding i praksis og poda 2-3 frukttre av forskjellige slag for å plante i hagen heime. Det vart bruka både epler, pærer og plommer av forskjellige slag. I podearbeidet vart det bruka sertifiserte podekvistar og grunnstammar, slik at ein ikkje resikerte å spre sjukdomar.

Poding er litt akkuratarbeid – kursdeltakarane fekk gode tips frå instruktørane. Illustrasjon Svinviks arboret
Sven Olav Svinvik har sin bakgrunn frå gartnerskulen på Staup, ved Levanger, og var i ei årrekkje tilsett ved Svinviks arboret medan det var drive av Ringve museum. Dei to instruktørane hadde bok nokre knep å lære bort for å få eit godt resultat av podinga.


