Det er ikkje ofte at tema for dagens preken stemmer med tekst og motiv for dagens gudsteneste. Det gjorde det faktisk i dag, da det faktisk var apposteldagens som var tema. Apposteldagen er dagen da vi minnes dei første appostlande som led martyrdøden saman med Jesus.
Dette var også markert på talarstolen der det var pynta med raud antependium under gudstenesta i dag. Elles kunne alle som ville gå til alters og få nattverd. Dagens takkoffer gjekk til kyrkjelydsarbeidet i Todalen sokn. Vil du yte eit bidrag til kyrkjelydsarbeidet kan du bidra på Vipps nr 506 908 også etter gudstenesta.
– Det er bra oppmøte på gudstenestane i Todalen. I dag var det over tretti deltakarar på gudstenesta og dermed vart det flott salmesong.
Det var Pål Arne Winnsnes som var liturg i dag, medan Borghild Talgø var tekstlesar, og Oddveig Helset Halle var organist og Tor Rune Halsen var kyrkjetenar. Etter gudstenesta serverte kyrkjevertane Rune Moe og Borghild Talgø kyrkjekaffe til alle som ville ha. Neste gudsteneste i Todalen blir friluftsgudsteneste i Svinviks arboret søndag 16. august kl 11, da blir det og dåpshandling. Elles er det friluftsgudsteneste på Søysetøran komande søndag 12. juli kl 11:00.

Kyrkjekaffe etter gudstenesta – Rune Moe og Borghild Talgø var kyrkjevertar i dag. Foto Jon Olav Ørsal



