Entreprenøren Bredesen Graving og Transport er i gang med arbeid på det nye kaianlegget til NVE i Todalsstanda. Det arbeides no med anleggsveg ned til det som skal bli nytt kaianlegg for å ta på land store transformatorar. Dette blir eit anleggsområde no i haust og utover neste år. Oda Semundset hos entreprenøren ber om at det blir vist hensyn til at det drives anleggsarbeid her, slik at ein unngår å parkere innafor det avgransa området som har fartssone på 50 km/t, og at ein passar på å redusere farten forbi anleggsområdet.

Her bygges annleggsvegen – her blir det fort trongt om prassen når det i periodar er mykje trafikk. Entreprnøren oppfordrar til stor forsiktigheit.
Det er trangt om plassen ved anleggsområdet, og dersom det blir trafikkert med både lastebilar og anleggsmaskinen må det tas hensyn til at det er både innsnevring på vegen og nedsett hastighet forbi anleggsområdet.
Anleggsarbeidet vil gå føre seg utover hausten og vinteren, og skal være ferdig til våren når det skal transporteres transformatorar til Surna Trafostasjon like ved Røv i Surnadal.

