Stormen Amy laga skikkeleg kaos med trefall og rotvelter som braut ned kraftlinjer og stengte vegar – store trær vart brotne ned slik at dei låg både på kryss og tvers.

Mykje skog som er lagt ned på Talgøeigedommen – ein del furu kjem til å bli liggande, trur Bakken. Ola Bakken saman med Kjell Gunnar Polden. Foto Jon Olav Ørsal
Ola Bakken, som er skogbruksleiar i Allskog, fekk arbeidsdagen sin snudd på hovudet og måtte innrette arbeidet sitt på å hjelpe skogeigarar i sitt distrikt med å berge det som bergast kunne. For mange skogeigarar var det heile hogstfelt som er lagt ned, og med vinteren like rundt hjørnet, så var det berre å sette i gang og omdisponere hogstressursar til innsats der skaden er størst.
3-4000 m3 er skadd i Todalen
Ola Bakken har leiaransvar for kommunane Surnadal, Rindal, Heim og Sunndal, og her var det nok å ta fatt på etter stormen. Bakken fortel at det er to skogeigarar som har meldt inn skade i Todalen så langt – Talgø Gard og på Bruset. Men det kan være fleire som ikkje har oversikt enno, men Bakken tippar at det er minst 3-4.000 m3 som er lagt ned som vindfall i Todalen. Han presiserer at det er viktig at det meldes inn skade, dersom det er fleire skogeigarar som er råka av skade.

Overhalla Skogsdrift er i full gang med uttaket av granfeltet ved kokkhuset. Her er granfeltet nærast totalskadd, men skulle hatt 10-20 år til for å bli hogstmodent. Foto Jon Olav Ørsal
To hogstfelt totalskadd
Både på Talgø og Bruset er det omfattande skade på skogen – på Talgø er det to hogstfelt med gran som er tilnærma totalskadd. – Det er gran som manglar eit par tiår for å være hogstmogen. Her er Overhalla Skogsdrift godt i gang med å drive ut hogstfeltet ved Kokkhuset no. I tillegg skal hogstfeltet mellom Vassosen og Kleivhauann tas i neste omgang. Det er viktig med raskt uttak av granskogen som er skadd på grunn av fare for barkebilleåtak
I tillegg til dei to felta er det store mengder med furu som er lagt ned som rotvelter. – Her må ein berre prøve å gjera det beste ut av det og få avverka det som ein klarer å nå tak i. Her blir det mange plassar vanskeleg å bruke hogstmaskin, så ei må vurdere lettare utstyr som traktor med vinsj eller anna lettare utstyr. Ein del av furua kjem berre til å bli liggjande.

Det er leid inn ekstra ressursar, mellom anna frå Overhalla Skogsdrift for å sette fart på uttaket av skadd tømmer. Foto Jon Olav Ørsal
Store tap
Slik skade på skogen fører til store tap for skogeigaren, for det blir ekstra kostnader med skogsdrifta, og ein god del av skogen er ikkje heilt hogstmogen. Derfor blir det feil kvalitet, og dermed lågare pris på tømmeret. Sjølv om skogen er forsikra blir det til dels store tap etter som det blir krav om minst 25 – 50 % skade for å få delvis, eller totalskade på skogen. Det er bruka drone for å prøve å skaffe oversikt over skadeomfanget.
Bakken fortel at på Jenstad i Sunndal og i Øvre Surnadal er det stor skade på skogen – i tillegg er Tingvollhalvøya sterkt råka. No er det som sagt viktig å få fram mest muleg med tømmer før det blir for mykje snø – blir det mykje snø blir det vanskeleg å sjå kva som er vindfall, og da må vi berre fortsette med ordinær tømmerhogst utover vinter, seier Ola Bakken til slutt.


