Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

90 år med Jul på Nordmøre

Jon Olav Ørsal Tysdag 3. november 2026

Det blir ikkje jul utan Jul på Nordmøre – årets utgåve er alt på plass på Matkroken Todalen, og du kan berre stikke innom for å kjøpe eit eller fleire eksemplar så er jula sikra!  Jul på Nordmøre har iallfall ein lang tradisjon, for årets hefte er utgåve nr 90, skriv redaktøren Lars Steinar Ansnes i ei pressemelding.

«Årets utgåve av tradisjonsrike Jul på Nordmøre er no i sal. Heftet fyller 90 år i 2026 – den første utgåva kom ut i 1936.
– Vi meiner at Jul på Nordmøre er ein kulturinstitusjon på Nordmøre. Heftet er framleis svært etterspurt, og sel i eit opplag som viser at det skrivne ordet på papir framleis er liv laga, seier leiar i skriftstyret, Lars Steinar Ansnes.

2026-utgåva er ein gjenkjenneleg versjon av juleheftet.
– Vi legg noko meir vekt på bilete av høg kvalitet enn før. Elles vil lesarane finne bidrag frå både gamle og nye skribentar, sier Ansnes.

Med seg i skriftstyret har han Karin Ormbostad, Kristiansund, og Gjøran Storsæther, Frei. Utgjevar er Nordmøre og Romsdal ungdomslag.
Mediahuset på Sunndalsøra har som vanleg stått for den grafiske produksjonen. Framsida er også i år teikna av Bergljot Hals.»

Først publisert: 3. november 2026, 06:00 - Sist oppdatert: 2. november 2026, 19:34