Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

4 brøytetraktorar har gått i heile natt

Jon Olav Ørsal Tysdag 18. november 2025

Dei siste par dagane har det gått nærast døgnet rundt for brøytesjåførane hos Todalen Mjølk.  Deit har brøytinga både på fylkesvegane, kommunevegane og på dei flest private vegane.  Sist natt har det kome 20-30 centimeter med tung, kram nysnø – det har bokstaveleg talt lava ned, seier Anders A. Karlsen som beklagar at kapasiteten på det næraste er sprengt sjølv om 4 traktorar har gått i eitt.

Trefall i Husbyevja stoppa skulebussen – vegen vart kjapt rydda med hjelp frå brøytemannskapa. Foto Jon Olav Ørsal

Men brøytarane gjer så godt som dei kan, og har gjort sitt beste for å halde alle vegane opne og i kjørbar stand.  Karlsen gjer oppmerksam på at det kan være trefall langs vegane no.  Det har lagt seg mykje tung snø i trea og fleire har gått overende på grunn av tung snø.  I Husbyevja hadde dette skjedd no på morgonkvisten, og dermed vart skulebussen hindra.  Men med god hjelp frå brøytemannskapa var vegen rydda og farbar igjen.

Publisert: 18. november 2025, 08:40