Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for februar, 2026

Vi fann 68 artiklar i dette arkivet.


Avslutta med 13.- og 15.-plass i Berechtesgaden

Jon Olav Ørsal Sundag 8. februar 2026

Ungdomslandslaget avslutta YWC-opphaldet i Berchtesgaden med individuell konkurranse – det vil seie så fort som mulig til toppen og så rett utfor og nedatt igjen. I dagens konkurranse var det 36 deltakarar i U20-klassen for herrer.  Aron Rodal Haugen sikra seg beste plassering på ein 13.-plass, medan Isak Drøpping kom inn på 15.-plass eit lite minutt etter Aron.  Målgangen skjedde på ca 1800 meter høgde, og dei er nok litt prega av høgdeopphaldet no, seier Halvor Drøpping som er med som leiar


Inviterer til World Cup og folkefest på Vang

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 8. februar 2026

Søndag 15. februar frå klokka 11:00 inviterer Todalen Idrettslag og Trollheimen Fjellsportklubb til siste dag i World Cup for ungdom i Randonee på Vang Skiarena. Da er det individuell i Strengentraseen som står på programmet, der start og målgang er på Vang. 


Bøt & bedring i Skulstuå

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 7. februar 2026

Onsdag 11. februar klokka 18:00 startar Venner av Skulstuå i Todalen oppatt med bøt & bedring i Skulstuå. Ta fram «hållåte» og slitte klede som treng å bli bøtt. 


Topp 10 i Berechtesgaden i Tyskland

Jon Olav Ørsal Laurdag 7. februar 2026

Ungdomslandslaget viser gode takter i Berchtesgaden i Tyskland, der dei i dag har delteke i Youth World Cup i vertikal.  Forma ser ut til å være inne til rett tid, for neste veke skal dei konkurrere på heimebane i Sæterlia og Strengentraseen.


Inviterer til familiedag og World Cup på Vang

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 7. februar 2026

Laurdag 14. februar inviterer Idrettslaget Søya og Trollheimen Fjellsportklubb til familiedag og 
World Cup for ungdom i randonee på Vang Skiarena og Strengentraseen frå klokka 11:00. 


Ladar opp med Youth World Cup i Berchtesgaden i Tyskland

Jon Olav Ørsal Fredag 6. februar 2026

Randoneelandslaget deltek denne helga i Youth World Cup i Berchtesgaden i Tyskland.  Det gjeld dei fire – Mads Gjethammer, Iver Holen, Aron Rodal Haugen pg  isak Drøpping – dei to siste frå Trollheimen fjellsportklubb. 



Fleire husstandar utan vatn i Surnadal kommune

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 5. februar 2026

Fleire husstandar i Surnadal kommune er utan vatn som følge av at vatnet har frosset eller er borte som eit direkte resultat at den tørre etterjulsvinteren. Surnadal kommune har med bakgrunn i dette, og at Teknisk drift opplever at stadig fleire tek kontakt for å få hjelp fordi vatnet er borte, torsdag hatt eit beredskapsmøte for å diskutere situasjonen.   


Sosialt på «pårørandekafe», men plass til fleire

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 5. februar 2026

Surnadal sanitetsforening, Surnadal Demensforening og helselag, saman med Surnadal kommune inviterte onsdag ettermiddag til «pårørandekafe» i lokala til Surnadal frivilligsentral i Fiskegården på Skei. Kafeen held ope frå 18:00 – 20:00 ein onsdag kvar månad. Tanken er at «pårørandekafeen» skal vere ein fristad der omsorg og fellesskap, saman med ein kopp kaffe, går hand i hand. 


Strikkekaffe i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Torsdag 5. februar 2026

Todalen sanitetsforening inviterer til årets første strikkekaffe laurdag 7. februar i tidsrommet frå kl. 13:00 til 16:00. 


Mosbakk og Nyheim held fram som leiar og nestleiar

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 5. februar 2026

Onsdag kveld var det årsmøte i Surnadal Arbeiderpartiet på møterommet bak kantina på Surnadal sjukeheim. knapt tjue medlemmer møtte fram for å delta på årsmøtet, noko leiar Bente Mosbakk sa seg godt nøgd med. 


Kyrkja markerer Samefolkets dag i Mo kyrkje

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 5. februar 2026

I fjor markerte Kyrkja i Surnadal Samefolkets dag på sjølve dagen den 6. februar med godt oppmøte på Kyrkjelydshuset på Skei. 
I år har dei lagt feiringa til gudstenesta i Mo kyrkje, søndag 8. februar klokka 11:00. Leiar av Samisk kirkeråd, May Bente Anita Jønsson, som jobbar og bur på Sunndalsøra, deltek under gudstenesta.