Sprinten vart ein festdag i Alpinsenteret
Torsdagens sprint med Trollheimen fjellsportklubb som arrangør vart ein skikkeleg festdag med knappe hundre deltakarar og sol frå nærast skyfri himmel – litt kaldt var det nok, men sola gjorde iallfall forsøk på å varme oss litt. Arrangørklubben må få skryt for eit prikkfritt arrangement, og sjølv om det var skalert opp til World Cup -status var det ingen problem med å halde tidsskjema gjennom heile arrangementet.
