Har du kjøpt fastelavnsris?
Todalen sanitetsforening takkar alle som har kjøpt fastelavnsris og slik støtta arbeidet til Sanitetskvinnene!
Vi fann 68 artiklar i dette arkivet.
Todalen sanitetsforening takkar alle som har kjøpt fastelavnsris og slik støtta arbeidet til Sanitetskvinnene!
Når det blir sporsnø får du sjå kor rikt dyrelivet er, seier Gudmund Kvendset, som i dag tipsa oss om at gaupa hadde vore på visitt i nærområdet til Flathauan bustadfelt. Som ivrig jeger tok ha ein inspeksjonsrunde for å sjå kva som rører på seg på ein slik dag.
Øvre Surnadal Idrettslag (ØSIL) inviterer alle frå 0 år og oppover til Sonerenn i klassisk stil på Holtamoan i Øvre Surnadal tirsdag 24. februar klokka 18:00. Ein slepp å betale bompengar ved avkøyringa til Vindøladalen.
Venneforeninga ved Surnadal sjukeheim har sendt oss ei takkehelsing i samband med minnegåva dei fekk ved Jenny Kvendset sin bortgang i desember.
Det var den klare oppfordringa da Handballgruppa i Surnadal IL måndag ettermiddag inviterte til pressetreff i Surnadal idrettshall. Her presenterte Handballgruppa sitt treårige prosjekt for å fremje handballen i Surnadal, og at dei som ein del av dette prosjektet, har inngått ein samarbeidsavtale med Byåsen Elite og deira Rema 1000 Akademi.
Torsdag 19. februar debuterer randonee (Ski mountainering) som olympisk grein under Vinter-OL i Milano Cortina. Norske utøvarar som er tekne ut til å delta er Hans-Inge Klette og Ida Waldal, og øvingane foregår i Bormio. Sendingane frå sprinten går på NRK-TV som er nettbasert – først er det kvalifisering kl 09.45 og så er det vidare finalar kl 12:55.
Styret i Todalen historielag kallar inn sine medlemmer til årsmøte tysdag 24. mars klokka 18:00 i Todalen ungdomshus. Vanlege årsmøtesaker.
Kyrkja i Surnadal inviterer til «felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 18. februar klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til «felles middag» på kyrkjelydshuset på Skei. På onsdag blir det servert kyllingkjøttbollar, potetstappe, brun løksaus, grønsaker og tyttebærsyltetøy..
Søndag arrangerte Trollheimen Fjellsportklubb i samarbeid med Todalen Idrettslag siste konkurranse i Youth World Cup (YWC) i randonee på Vang skiarena. Bra med folk både nede på stadion og oppover langs løypa i Strengentraseen, med litt overskya men fint vintervêr.
Laurdag inviterte Trollheimen Fjellsportklubb og Idrettslaget Søya til Youth World Cup (YWC) i Randonee på Vang skiarena på Røen. Det skulle i dag konkurrerast i vertikal, der det handlar om å kome først opp til toppen. Løypa var 3,3 kilometer lang, og den steig 550 meter frå start til mål. Etter ein lang periode med temperaturar langt nede på den blå delen av gradestokken, hadde temperaturen bevega seg oppover eit stykke, så det var fin temperatur og sol som varma.
Fredag og laurdag er det fastelavnris til sals på Matkroken Todalen. I dag da vi var innom butikken var Ingrid Pedersen på plass med Sanitetens fastelavnskolleksjon. Det er ein 80 år gammel tradisjon som stadig blir ført vidare av NKS – Norske kvinners Sanitetsforening. Og inntekta frå salet går til forskning på kvinnesjukdomar, der NKS gjennom åra har støtta eit 70-tals forskningsprosjekt.
Larudag 14. februar klokka 13:00 inviterer Surnadal bibliotek til gratiskonsert med Even Jensen i biblioteket sine lokaler i andre etasje på Surnadal kulturhus.