Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for januar, 2026

Vi fann 73 artiklar i dette arkivet.


Leilighet i Kvendset Borettslag til salgs

Jon Olav Ørsal Laurdag 17. januar 2026

Leilighet i Kvendset Borettslag er til salgs for overtagelse etter nærmere avtale.  Boligen har en praktisk planløsning og består av entré, stue og kjøkken i åpen løsning, bad og to soverom.


Startar opp sorggruppe

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 17. januar 2026

Mange kan føle seg åleine om sorga. Derfor kan det vere godt å kome ilag med andre, som har opplevd noko av det same. Kyrkja i Surnadal startar difor no opp sorggruppe. Kan dette vere noko for deg spør dei?


Inviterer til beredskapskonferanse 29. januar 2026

Jon Olav Ørsal Laurdag 17. januar 2026

I samarbeid med NFF sentralt er vi en gruppe fra NFF, Nordmøre Forsvarsforening  som arrangerer NFFs beredskapskonferanse for 2026 i Kristiansund.  Arrangementet gjennomføres torsdag den 29. jan 2026 med start kl 9:30 og slutt kl 17:00.


Har du overnattingsplass å leige ut?

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 16. januar 2026

Trollheimen Fjellsportklubb skal frå 12. – 15. februar arrangere World Cup for ungdommar (YWC), i Sæterlia (Surnadal Alpinsenter, på Vang og på Kårvatn. I samband med dette er det behov for fleire overnattingsstadar, og fjellsportklubben er no på utkikk etter hus, leiligheiter og hytter som folk kunne tenke seg å leige ut desse dagane. 


Ny ytterdør på skihytta

Jon Olav Ørsal Fredag 16. januar 2026

I dag  har det vore besøk av dørsnekkarar på Skihytta på Ørsalfjellet.  Døra inn til terassen hadde sett sine beste dagar, og var moden for utskifting.  Ny dør vart produsert og sponsa av Talgø, og ein frivillig gjeng sørga for snakkararbeidet med demontering av gammeldøra, og montering av ny dør til erstatning for den gamle.


Verdig messe som gjev håp

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 16. januar 2026

Torsdag arrangerte kyrkja i Surnadal fagdag om seksuelle overgrep på kulturhuset. I forlenginga av fagdagen vart det invitert til messe for verdigheit i Øye kyrkje, ei messe som verkeleg vart ei fin og verdig gudsteneste som sette fokus på overgrep, men som samtidig fokuserte på håp. – Når vi inviterer til messe for verdigheit, er det for å skape eit rom der vi saman støttar håpet om ei god framtid for dei av oss som er råka av vald og seksuelle overgrep, heitte det i invitasjonen til messa.


Da er skulen kjøpt og betalt

Jon Olav Ørsal Fredag 16. januar 2026

Torsdag var det oppgjørets time for Todalen skule og avtalen mellom Surnadal kommune og Sand-familien som no har kjøpt skulen for ei krone på spesielle vilkår.  Harald Bredesen i Surnadal kommune seier at han trur dette blir ei god løysing for begge partar  – og ei god løysing for bygda. 


Kallar inn til årsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 15. januar 2026

Styret i Surnadal Senterparti kallar inn til årsmøte i lokala til Surnadal frivilligsentral i Fiskegården på Skei måndag 26. januar klokka 20:00. Vanlege årsmøtesaker. 


Oslo Pensjonsforsikring og Alti utvider samarbeidet

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 15. januar 2026

I ei pressemelding frå Alti Forvaltning i dag, blir det kunngjort at Alti Forvaltning og Oslo Pensjonsforsikring utvidar samarbeidet, og at det mellom dei to selskapa er inngått forvalgningsavtale for Bekkestua Senter. Dette blir det 65. senteret i Alti Forvaltning si portefølge. 


I dag starta oppryddinga i branntomta

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. januar 2026

I dag starta oppryddingsarbeidet i branntomta etter husbrannen, der familien Bolme mista budstaden sin i brannen i Bekkerhagen bustadfelt på seinsommaren. Det er no over 5 månader sia brannen den 4. august, og det er AF-gruppen som har fått jobben med å rydde tomta etter at tomta vart frigjeven frå forsikringsselskapet i desember.  


Fullt hus og viktige tema

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 14. januar 2026

Tinde Sparebank i samarbeid med Surnadal Demensforening og helselag inviterte tysdag kveld til «En nyttig og viktig kveld» i kantina på Surnadal vidaregåande skule. Her var det først eit kort foredrag om framtidsfullmakt ved Siw Bergsås, før Marianne Mørch Danielsen hadde eit personleg og gripande foredrag om demens og pårøranderollen.


Måneskin over bygda kåra til månadens bilete i desember

Guro Redalen Tysdag 13. januar 2026

Månadens bilete i desember er kåra: Ingri Bruset vinn med det stemningsfulle biletet Måneskin over bygda. No ligg alt til rette for kåringa av årets bilete – følg med for røysting og vidare avsløringar.