Familien Sand får kjøpe Todalen skule for ei krone
Familien Sand har i haust meldt si interesse for å kjøpe Todalen skule, som vart lagt ut for sal hausten 2023. I mai 2024 fekk Todalen Meieri tolbod om å kjøpe skulen til ei krone, men takka da nei. No er det altså familien Sand som har meldt si interesse, og på Surnadal formannskap sitt møte onsdag kveld, vedtok eit samrøystes formannskap å selje eigedomen til familien Sand for ei krone.
