Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for desember, 2025

Vi fann 81 artiklar i dette arkivet.


TILs Julekalender – trekning for måndag 22. desember

Jon Olav Ørsal Måndag 22. desember 2025

Fire nye vinnarar er klare frå TILs julekalender, med trekning for måndag 22. desember.  Først ut er Ståle Ansnes som vart trekt ut som vinnar på første gevinsten i dag, som er ein boks med NM-rømme frå Todalen Meieri.  



Det går mot vår, igjen!

Jon Olav Ørsal Sundag 21. desember 2025

Søndag 21. desember er årets kortaste dag, og dermed tid for solsnu. Eller om du heller vil så kan vi kalle det for vintersolkverv. At det no går mot lysare tider er iallfall sikkert, sjølv om vi ikkje merkar så mykje til det dei første dagane.


TILs Julekalender – trekning for søndag 21. desember

Jon Olav Ørsal Sundag 21. desember 2025

Da er vi i gang med trekninga for søndag 21. desember, og på denne dagen snur faktisk sola.  Dagens første av fire gevinstar er eit pannebånd og hjarte som vart trekt ut til Jorunn Gislaug Ørsal som den heldige vinnar. 


Inviterer til «Storbandaften» med band og solistar

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 20. desember 2025

Fredag 20. mars klokka 19:00 og laurdag 21. mars klokka 19:00 inviterer Surnadal Hornmusikk til storbandkonsert med solistar, band og profesjonelle dansarar i Storstuå på Surnadal kulturhus. Surnadal Hornmusikk har i dag knapt tretti aktive medlemmar og har øvingane sine i sitt eige hus, Tonheim på Setergarden. Einar Sødergren er dirigent for hornmusikken.


TILs Julekalender – trekning for laurdag 20. desember

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. desember 2025

TILs trimgruppe er klare med trekninga for laurdag 20. desember – 4 nye gevinstar er klare til fordeling på nye og heldige vinnarar. Dagens første gevinst er eit brett med egg, som iallfall blir kortreist som hamnar i Bekkerhagan hos Liv Jorunn Bævre Moe. 


Todalshytta minner om julebuffé på laurdag

Jon Olav Ørsal Fredag 19. desember 2025

Todalshytta minner om at årets siste julebuffé er laurdag, med ope kjøkken frå kl 17:00 og utover til kl 20:00.  Vi følgjer opp suksessen frå sist fredag, da vi hadde fullt hus til massevis av god julemat, seier Arve Evensen som er vertskap på Todalshytta saman med kona Cristy.    Ta kontakt med Todalshytta på […]


Julegudsteneste i Todalen kyrkje

Jon Olav Ørsal Fredag 19. desember 2025

Todalen sokneråd ønsker alle velkomne til årets julegudsteneste i Todalen kyrkje. Julegudstenesta blir på julaftan kl 15:00, og det er sokneprest Pål Arne Winsnes som blir prest.  Bernt Bøe vil vikarere som organist, og kyrkjetenar blir Anne Hjørdis Telstad. 


Opningstidene ved Matkroken Todalen før jul og i romjula

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 19. desember 2025

Jula nærmar seg med stormskritt, noko som inneber litt endra opningstider hos Matkroken Todalen, og da spesielt i romjula. Fram til julaften er det «vanlege» opningstider, medan det på julaften naturleg nok er kortare opningstid enn på ein «vanleg» onsdag, så julaften er det ope klokka 09:00 – 13:00.


TILs Julekalender – trekning for fredag 19. desember

Jon Olav Ørsal Fredag 19. desember 2025

I dag er det 4 nye gevinstar som skal få nye eigarar.  Spenninga er på topp no, som det er berre 5 dagar at før vi er i mål med julekalenderen.  Den første gevinsten i dag er ein pakke med prima klippfisk, og her var det Joar Østbø som trekte det lengste strået og stakk av med den. 


Skulegudstemeste med lystog til kyrkja

Jon Olav Ørsal Torsdag 18. desember 2025

Torsdag hadde Todalen og Stangvik oppvekstsenter si årlege skulegudsteneste i Todalen kyrkje.  Dermed vart det ein busstur innover til Todalen med heile gjengen. 


TILs Julekalender – trekning for torsdag 18. desember

Jon Olav Ørsal Torsdag 18. desember 2025

Vi er komne til dag nr 18 i rekkja fram til julaften – vi er i rute med trekkjinga, og gevinst nr 1 i dag er ein flott ullgenser som vart trekt ut til Borghild Betten Talgø.  Vi er litt usikre på størrelsen, men det vil nok være nokon den passer til.