Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for november, 2025

Vi fann 76 artiklar i dette arkivet.



Den første snøen er her – meir i vente

Jon Olav Ørsal Laurdag 15. november 2025

Igår og i natt har vi fått den første snøen som har lagt over – plutseleg vart det full jobb på brøytarane som har teke unna etter kvart.  Dersom du studereer yr.no så er det nok meir nedbør i vente, men i låglandet vil det nok bli mest regn dei første par- tre dagane.



Allskog: Travle tider i skogen etter stormen Amy

Jon Olav Ørsal Torsdag 13. november 2025

Stormen Amy laga skikkeleg kaos med trefall og rotvelter som braut ned kraftlinjer og stengte vegar – store trær vart brotne ned slik at dei låg både på kryss og tvers.


Krattrydding og snørting rundt husa

Jon Olav Ørsal Torsdag 13. november 2025

KNT kristiansund og Nordmøre turistforening har ein iherdig dugnadsgjeng – i dag tok dei siste finpussen rundt husa på Todalshytta.  Det er rydda vekk kratt og buskas og alle utemøblar er komne under tak, så no kan berre bli vinter og snø, seier Atle Betten som er «bas» for dugnadsgjengen. 


Jul på Nordmøre nummer nitti i handelen

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 12. november 2025

I ei pressemelding frå redaktøren for Jul på Nordmøre; Lars Steinar Ansnes, no på tidleg ettermiddag, blir vi informert om at den nittiande utgåva av det populære og tradisjonsrike heftet no er kome i handelen. Heftet er mellom anna å få kjøpt på Matkroken Todalen og ARK Surnadal. Pressemeldinga kan ein lese nedanfor.


Kjem frå Overhalla for hogge gran og rydde etter «Amy»

Jon Olav Ørsal Onsdag 12. november 2025

Stormen «Amy» gjorde at det vart ein ekstraordinær situasjon for Allskog og skogeiarane her på Nordmøre, og no er arbeidet i gang med å rydde opp etter stormen som la ned fleire tusen kubikk med både gran, furu og lauvskog.  No går hogstmakinene på høggir for å berge mest mulig av tømmeret som er lagt ned før kvaliteten blir forringa. 


Med fokus på reiseliv og lokalmat

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 12. november 2025

Måndag kveld inviterte Næringsavdelinga i Surnadal kommune og Strengen til reiselivsmøte der ein fokuserte på reiseliv og lokalmat. Lars Ove Løseth viste fram planane for Frich’s Hotel Surnadal som er godt i gang med oppussing og ombygging.


Todalshytta – laurdag blir det lutefisk

Jon Olav Ørsal Tysdag 11. november 2025

Komande laurdag 15. 11. er Todalshytta klar for føste lutefikkveld i år, fortel Arve Evensen som saman med kona Cristy er vertskap  på hytta.  Lutefisk med godt tilbehør serveres frå kl 17:00 og utover til kl.  20:00.   Bestill bord på SMS 929 97 550 eller på telefon.  Neste helg blir det Thaibuffé ….


Oppdatering etter breibandsbrot på Lykkjeeidet

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 11. november 2025

Svorka hadde breibandsutfall fredag kveld, og trudde først det dreide seg om fugl som hadde forårsaka kabelbrotet, fordi det vart funne fjør under kabelen. Etter nærare undersøkingar måndag vart det konstatert at skadane skuldast eit prosjektil. Saka er no anmeldt til politiet. Pressemelding frå Svorka kan ein lese nedanfor. 


Volkswagen i solnedgang er månadens bilete for oktober

Guro Redalen Tysdag 11. november 2025

Olav Halle køyrde inn til siger i oktoberkåringa med motivet Volkswagen i solnedgang. Med flest røyster frå lesarane tok han førsteplassen i eit felt fullt av sterke blinkskot. Vi gratulerer!


Fjellgruppa minner om sesongavslutning på Hammerstuene

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 10. november 2025

Torsdag 20. november klokka 19:00 inviterer Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til sesongavslutning på Hammerstuene. Her blir det servert Lulens gryterett, dessert og kaffe.