Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for september, 2022

Vi fann 98 artiklar i dette arkivet.


Strikkekaffe i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Onsdag 21. september 2022

Da er det haust og nysnø i fjella, kveldane er mørke, og det er tid for å finne fram att strikking og anna handarbeid. Laurdag 24. september inviterer Sanitetsforeninga til strikkekaffe i Sanitetshuset i tidsrommet 13:00 – 16:00.


Fjellgruppa fekk ein fin tur til Blåfjellet!

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 21. september 2022

Sist tysdag regna Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin planlagde tur til Blåfjellet bort, men i går spela vêrgudane på lag med Fjellgruppa og varta opp med fint haustvêr. Atten spreke og motiverte turgåarar vart med til Blåfjellet i Heim kommune. 


Kyrkja i Surnadal inviterer til «Felles middag»

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 20. september 2022

Kyrkja i Surnadal inviterer til «Felles middag» onsdag 28. september klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til kyrkjelydshuset på Skei, der det frå klokka 16:00 blir servert middag med påfølgande ettermiddagskaffe/te. Dørene opnar klokka 15:30. Det heile blir avslutta med ei kort samling klokka 17:00. 


Valg 2023: – No må dere kome på banen!

Jon Olav Ørsal Tysdag 20. september 2022

Det er Odd Arild Sande som brukar Jon Leirfalls berømte utsagn for å få folk til å engasjere seg i politikken.  Eit år fram i tid er det nytt kommuneval, og Sande fortel at Surnadal AP alt er godt i gang med nominasjonsprosessen.  Om ikkje lenge må han ha lista klar med 27 namn – […]


Surnadal skal bli eit demensvennleg samfunn

Jon Olav Ørsal Måndag 19. september 2022

Måndag kveld inviterte Surnadal demensforening og helselag politikarane i Surnadal til å delta på kurset «eit demensvennleg samfunn». Det vil seie at demensforeninga og kommunen hadde pussa støvet av ein avtale dei gjorde i 2015 om at dei i lag skal invitere tilsett i bedriftene i Surnadal til å gjennomføre kurset


Bli med stavgangarane langs Søya

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 19. september 2022

Torsdag 22. september klokka 11:00 inviterer Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til stavgangtur langs Søya. «Ta av vegen ned mot elva, ved Tretta gård», seier Svein Tjelle i Stavganggruppa. «Parkering ved elva», legg han til.


Surnadal kino – norgespremiere på «Krigsseileren»

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 19. september 2022

«Krigsseileren» er eit storslått drama som fortel historia om dei over 30.000 norske krigsseglarane og deira familiar si skjebne under og etter andre verdskrig. Vi følger sjømannen Alfred, gift med Cecilia og nybakt trebarnsfar frå Bergen. Når andre verdskrig bryt ut, er han og barndomskameraten Sigbjørn på jobb på eit handelsskip midt ute i Atlanterhavet.


Lauvfall 2022 i galleri Finstuå

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 19. september 2022

Laurdag 24. september klokka 15:00 opnar Surnadal kunstforening utstillinga Lauvfall 2022 i galleri Finstuå på Surnadal kulturhus. Det er 20 år sidan Surnadal kunstforening, for første gong, arrangerte denne juryerte haustutstillinga, og det er stor stas å kunne ønske kunstnarar og publikum velkommen til Lauvfall 2022, heiter det i pressemeldinga frå kunstforeninga.


Den internasjonale eldredagen 1. oktober 2022.

Jon Olav Ørsal Måndag 19. september 2022

Lørdag 1. oktober inviterer Surnadal pensjonistlag og Surnadal Eldreråd til markering av Eldredagen 2022. Eldredagen i Surnadal blir markert på Hammerstuene kl. 13.00., og tema for eldredagen 2022 er: Eldre kvinners motstandskraft.


Dalavegen open for ferdsel igjen

Jon Olav Ørsal Måndag 19. september 2022

På grunn av flaumen har Dalavegen vore stengt ved Vassosen.  Til tider var det 70-80 cm vatn forbi Vassosen og like ens i Hesthagan og på Dalagjeret.  No er det i ferd med å bli normale tilstandar, og Surnadal kommune har opna vegen innover til Kårvatn for trafikk, fortel Gudmund Kårvatn til Todalen.no. Det var […]


Eldrearbeidsprisen – kandidat for 2022

Jon Olav Ørsal Sundag 18. september 2022

Surnadal kommune deler ut eldrearbeidsprisen. Eldrearbeidsprisen vart etablert i 2011 og vi lyser no ut etter kandidatar for 2022.
Prisen skal gå til person, lag eller foreining som har utmerka seg positivt i ulønna eldrearbeid.