Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for august, 2019

Vi fann 83 artiklar i dette arkivet.


Feira 10 år for fullt hus!

Elinor Bolme Sundag 11. august 2019

Med 10 år på lufta, totalt 3,2 millionar besøk kor 517 000 av desse er unike besøkende, så kunne Todalen.no i går kveld feire seg sjølv saman med 100 gjestar i Todalen Ungdomshus. For om forhåndssalget av billettar gjekk litt seint i starten så tok det seg opp til gangs utover laurdagskvelden når folket strømma på til jubileumsfeiringa.


Valkampen i full gang

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. august 2019

Laurdag var det «fullt kjør» med valkamp på Matkroken. Når Senterpartiet pakka saman, så kom Surnadal AP for å gjøre sine hoser grøne – eller kanskje ein heller skal seie raude – for Todalingane. Det gjekk enno an å få til litt politisk debatt i Kaffekroken, og kaffeservering vart det sjølvsagt.


Ryddar i parkeringa

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. august 2019

Laurdag nytta John Moe høvet til å merke parkeringsplassane framfor Talgø-fabrikken på Kvennset. Tidlegare har Matkroken fått rydda opp i parkeringa framfor butikken, slik at det blir flyt i trafikken.


Det stundar mot kommuneval

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. august 2019

Laurdag var lokale kandidatar på Senterpartilista på valkampplass utafor Matkroken i Todalen. Frå Todalen stiller Ragnar Halle, Ragnhild A. Moe og Håvard Halset på Senterpartiets liste – i dag hadde dei med seg Nils Håvard Øyås på stand.


Ap-stand kl 14

Elinor Bolme Laurdag 10. august 2019

Surnadal Arbeidarparti melder: Treff ordførarkandidat Annett Ranes og fleire flinke folk på Ap sin stand ved Matkroken i Todalen i dag! Vi er der frå kl. 14. Velkommen!


Julikveld på Kårvatn ble månadens bilete

Mari B. Redalen Laurdag 10. august 2019

142 stemmer av 291 stemmer totalt vant Ingri Bruset månadens bilete for Juli. Vi gratulerer. Tusen takk til alle som sender oss bidrag. Nye bidrag sender du til red@todalen.no


Henning Kvitnes til Bøfjorden

Elinor Bolme Fredag 9. august 2019

Nok ein gong har Leikarvollen Scene og Bøfjorden Grendalag booka ein kjent artist for opptreden i Bøfjorden Grendahus. 27. oktober kjem Henning Kvitnes med sin nyaste turné, som denne gongen er tilpassa mindre scener og plassar som ikkje har vore besøkt av artisten tidlegare.


Nye bilder i salgsutstillinga

Elinor Bolme Fredag 9. august 2019

I kaffekroken på Matkroken er det no komme opp to nye bilder i salgsutstillinga som har hengt der ei stund. Dei nye bidraga er det Elisabeth Marie Aas som har fotografert, og motiva er frå Todalen. Terje Nordvik fortel at utstillinga blir hengande til 1. september. Etter det kjem dei gamle historiske bilda opp att på veggane.


For auge og øre

Bernt Bøe Torsdag 8. august 2019

Folkemusikaren Torgeir Leivdal og fotokunstnaren Reidar Østvik gjestar Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag. Levande musikk og vakre bilete står på programmet.

Reidar Østvik bur i Todalen. Han arbeider med teknikkar som gir vanlege foto nye kunstnarlege dimensjonar og viser eksempel på dette. Østvik gjesta Bøfjorden også i 2011.


Stem på månadens bilete for juli

Mari B. Redalen Torsdag 8. august 2019

Variabel, kan vi vell seia at juli var. Når vi starta med nysnø i fjella, og avslutta med hetebølge. Mykje fine bileter har kome inn til oss. og vi har plukka ut nye kandidatar til månades bilete kåring.


Mat, motivasjon og musikk for ein 200-lapp!

Elinor Bolme Onsdag 7. august 2019

Det er fortsatt rå å få tak i billettar til laurdagens jubileumsfest i Todalen Ungdomshus. Marit Tørset og Edvard Nordvik på Matkroken har så langt solgt i underkant av 40 billettar siste veka, og har heilt klart fleire igjen. Mange ventar kanskje i lengste laget før dei kjøper, og satsar kanskje på salg ved døra trur dei to, noko som gjer det litt utfordrande for dei som planlegg matserveringa.


Inviterer til tapasaften

Elinor Bolme Onsdag 7. august 2019

I morgon torsdag 8. august inviteres det til spansk tapasaften på Pakkhuset kl 19. I år som tidlegare er det dei spanske kokkene fra  Holmatrøa som står for serveringa.

Påmelding direkte til Siri Lund eller ved ein sms på  telefon 47613150.