Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mars, 2018

Vi fann 88 artiklar i dette arkivet.


Fotpleie i mars

Dordi Jorunn Halle Fredag 2. mars 2018

No blir det ny runde med fotpleie i Sanitetshuset. Fotterapeut Pan Promchart Hoset kjem måndag 12. og tysdag 13. mars. Ho har mange ledige timar båe desse dagane. Påmelding til Marit Sanden Søyset på  telefon 980 36 391. Marit og Pan set pris på om folk melder seg på så snart som råd, det gjer […]


Månadens bilete for februar.

Mari B. Redalen Fredag 2. mars 2018

Sidan vi no akkurat har gjort oss ferdige med februar er vi klare med ny kåring av månadens bilete. Vi som altid glade for nye bidrag. Send dei til oss på …


Retteleg fine forhold oppå Tjønnmyrå

Dordi Jorunn Halle Fredag 2. mars 2018

No er det nyoppkøyrde spor og retteleg godt skiføre i skianlegget oppå Tjønnmyrå. I dag skein sola, ho vermde godt i området rundt gapahuken,  – litt mindre sol i den ytste delen av løypa. Så det er berre å ta fram skiene for å nyte vinter, snø og ski på Tjønnmyran.


Ryddar vekk kratt og småskog rundt vegen

Jon Olav Ørsal Torsdag 1. mars 2018

Frå Todalskrysset og innover etter RV671 pågår det krattrydding etter vegkantane no om dagane. Det er Mestas fjellsikringsgruppe som har jobben som ein del av Mestas vedlikehaldsavtale med Vegvesenet. Anders Flæte som er frå Lærdal, og som arbeider i denne gruppa, seier at det er geita som skulle gjort denne jobben. Men i deira fråvær må vi ta jobben.