Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for oktober, 2017

Vi fann 66 artiklar i dette arkivet.


Stor innsats for UNICEF

Dordi Jorunn Halle Måndag 2. oktober 2017

Måndag 2. oktober arrangerte Todalen skule «Skoleløp for TV-aksjonen NRK UNICEF 2017». Her var det stor innsats og full fart med deltakarar frå 2 år til 96 år! Det er til å bli imponert av!


Saknar sauer i Bjøråskaret

Jon Olav Ørsal Måndag 2. oktober 2017

Eystein Opdøl saknr nokre sauer som tidlegare i haust har gått mellom Bjøråskaret og Litj-Grinaren. Sauene vart sist observert for ei vekes tid sia, men da dei skulle hentast ned eit par dagar seinare var dei svart borte.


Brev fra en utflytta Øyagrending….

Erik Wulvik Måndag 2. oktober 2017

Mitt navn er Erik, fullverdig medlem i «Høst- og Vinterblotgjengen» til Terje N og Bjørn Halle med rypejakt på Skihytta. Vi er to Eriker der og siden jeg er eldst, har jeg foreslått at navnet mitt skal være Gammel-Erik (kfr parentes nedenfor) for å unngå misforståelser. Navnebyttet er vedtatt og skålt for. Jeg vokste opp på meieriet i Todalen. Allerede i dåpen ble jeg knyttet til Todalen gjennom fadderne mine, Ingeborg og Ola Ansnes i Øya.


Turrapport Virum/Øyakjerringa

Elinor Bolme Sundag 1. oktober 2017

Ein september utanom det vanlege har gjort at mange har benytta seg til å gå mange og fine fjellturar. Ei av dei er Hege Sæterbø Andersen, og ho har sendt oss ein turrapport frå turen ho og Arnhild Bergheim hadde til Virum/Øyakjerringa 28. september.


Informasjonsmøte Todalsøran naturreservat 

Elinor Bolme Sundag 1. oktober 2017

Fylkesmannen ved Ola Betten og Solveig Silset Berg inviterer grunneigarar i Todalsøran naturreservat til eit informasjonsmøte. Naboar og andre brukarar er sjølvsagt også velkomne. Bakgrunnen for møtet er at Fylkesmannen ser behovet for nærare informasjon og oppklaring i kor grensene til naturreservatet går.


Slaktarhistorie frå Surnadal og Nordmøre

Steinar Hasselø Sundag 1. oktober 2017

Nytt onsdagstreff i Surnadal kulturhus onsdag 11. oktober kl. 13 – og denne gongen om slaktarhistorie for Nordmøre generelt og Surnadal kommune spesielt.

Andreas Sandvik har skrive slaktarhistorien for Nordmøre, og i den nær 560 sider store boka er mykje av stoffet henta frå noverande Surnadal kommune.