Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
18 centi – fornøyeleg underhaldning

18 centi – fornøyeleg underhaldning

Jon Olav Ørsal Laurdag 13. november 2010

Laurdag kveld går siste framsyninga av bygdarevyen «18 centi» i Surnadal kulturhus. Da er det kjørt 4 forestillingar med fullsett sal, og Svarrabærje teaterlag kan sjå attende på nok ein revysuksess. Og det er heilt utruleg kva den dyktige revygjeng har fått til, der vi vart losa gjennom 28 forskjellige revynummer i løpet av eit par kveldstimar. Vi opplevde at det eine høgdepunktet tok det andre gjennom heile framsyninga, og  det var  god kontakt med publikum som var rause med applausen.  

Den lune humoren hadde 18 centi som ein raud tråd gjennom framsyninga, og dei berømte centimetrane fra «vingespennet» appellerte til den humoristiske sansen i fleire samanhengar. Sjølv om hotellet og vingespennet fikk mykje av merksemda, har revyen også fått med seg mange andre store og små hendigar. Stor hønnør til både gamle og nye aktørar, som imponerte stort både med songen, musikken og dansen gjennom framføringa. Og det er vel ikkje naudsynt å skrive at dette ga meirsmak?

Det var også fleire todalingar med mellom aktørane.  Jan Peter Husby og Lars Sæther hadde fleire roller gjennom framsyninga, og i dansegruppa var Oda Halle og Thatianny Pereira Da Silva med.

Les meir om revyen «18 centi» og sjå bileta på heimesidene til Trollheimsporten.

Publisert: 13. november 2010, 10:32