Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til markering av Verdensdagen for psykisk helse

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 6. oktober 2026

Fredag 9. oktober klokka 10:00 – 12:00 inviterer Psykisk helse- og rustenesta i Surnadal kommune, Surnadal frivilligsentral og Surnadal sanitetsforening. til lokal markering av Verdensdagen for psykisk helse i lokala til frivilligsentralen på Surnadal kulturhus.

Årets tema er «Tillit er beredskap», og arrangørane set søkelyset på korleis ein kan stå stødigare når livet utfordrar oss, og kva tillit betyr for den psykiske helsa vår.

Verdensdagen for psykisk helse blir markert 10. oktober kvart år, men den lokale markeringa er lagt til fredag 9. oktober. I Norge er dagen del av ein nasjonal kampanje for psykisk folkehelse, med markeringar over heile landet. Temaet i 2026 er «Tillit er beredskap. Hver handling teller».

Årets tema handlar om at psykisk beredskap ikkje berre dreier seg om kva vi sjølve toler når livet blir vanskeleg. Det handlar også om relasjonane og fellesskapa rundt oss. Tillit blir bygd over tid, gjennom korleis vi møter kvarandre, lyttar, held ord og gir rom for å be om hjelp.

Program fredag 9. oktober

I Surnadal blir dagen altså markert fredag 9. oktober frå klokka 10.00–12.00 i lokala til Surnadal frivilligsentralen på Surnadal kulturhus.

Fagleiar for psykisk helse- og rustenesta i Surnadal kommune, Marit Solem Meisingset, held foredraget «Psykisk beredskap og tillit – korleis stå stødig når livet utfordrar oss».

Etter foredraget møter ho Hanne Boge til ein samtale. Boge har eigne erfaringar som pasient i psykisk helsevern, og samtalen vil løfte fram både faglege perspektiv og erfaringar frå pasientsida.

Surnadal sanitetsforening serverer kaffe og noko å bite i.

Les meir om årets tema på Verdensdagen for psykisk helse. 

Arrangørane ønsker alle velkommen innom!

Først publisert: 6. oktober 2026, 08:34 - Sist oppdatert: 10. oktober 2026, 09:42