Todalen sanitetsforening inviterer til Kvinnehelseforedrag i Sanitetshuset torsdag 1. oktober kl. 18:00.
Tema: Psykisk helse/helse og medisinbruk hos eldre kvinner, einsomheit og sjølvmedisinering.
Foredragshaldar er Kari Evensen. Ho har kompetanse som psykiatrisk sjukepleiar og helsesjukepleiar. Ho har og lang erfaring frå geriatri og frå heimetenesta.
I foredraget vil Kari og sette fokus på samanhengen mellom legemiddelbruk og psykisk helse hos eldre kvinner. Einsomheit, sorg og tap, søvnvanskar, uro og angst er aktuelle tema.
Vidare vil det bli sett fokus på bruk av angstdempande legemiddel og sovemedisin hos eldre, og korleis verknaden av legemidla kan endre seg når ein blir eldre. Eit anna sentralt tema er korleis bruk av fleire ulike legemiddel samtidig kan verke og påverke eldre.
Enkel servering!
Alle er hjarteleg velkomne!


