Tysdag 1. september inviterer Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til ny fjelltur. Denne gongen går turen til Rindal og Tuva.
– Det er ein tur på 6 km med rundt 280 meter stigning, fortel Lars Gudmund Røen i Fjellgruppa.
– Frammøte på rasteplassen ovafor Skei klokka 09:30 for samkjøring til ein stopp på YX i Rindal før vi kjører vidare til Lomunda og Fossdalen. Det er bomveg den siste biten, legg han til.
Fjellgruppa ønsker vel møtt til medlemmer og andre!

