Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bli med på dugnad på Bordholmen onsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 24. august 2026

Onsdag 26. august klokka 18:00 inviterer Todalen IL til dugnad på Bordholmen stadion. Der er forskjellige gjeremål som idrettslaget kunne tenkt seg å få gjort, og treng nokre ekstra hender og kanskje hau?

– Nærmiljøanlegget skal få seg platt ved sida av. Robotkløpparen må få det tilrettelagt nokre stadar så den kan slå eit større areal, fortel leiar i Todalen IL, Endre Talgø. 

– Ugraset kring klubbhuset treng ein stuss, samt litt rydding i redskapshuset, legg han til. 

Endre oppfordrar folk som har skrumaskin, spade eller kantklippar, til å ta med dette!

– Fint ver er bestilt, avsluttar han.

Det blir servert kaffe med noko attåt. 

Publisert: 24. august 2026, 16:50