Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til rekrutteringsdag i Båthølen

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 4. august 2026

Todalen Elveeigarlag i samarbeid med Todalen Idrettslag, inviterer torsdag 13. august klokka 17:30 til ein ny rekrutteringsdag i elvefiske for barn og ungdom i alle aldrar. – Rekrutteringsdagen blir også i år i Båthølen, da dette er ein kjempefin plass for dei aktivitetane vi skal ha denne kvelden, seier styremedlem i Todalen Elveeigarlag, Nina Heimlund.   

– Det blir lagt opp til ulike aktivitetar, både for store og små, der hovudvekta denne kvelden vil vere retta mot elvefiske, legg Heimlund til. 

Arrangementet er eit samarbeid mellom Todalen Elveeigarlag og Todalen Idrettslag og arrangementet er heilt gratis. Det blir også i år enkel servering med drikke!

– Vi håper mange kommer og for å bli med på en lærerik og trivelig rekrutteringsdag i Båthølen torsdag 13 august, og alle er hjertelig velkommen, avsluttar Heimlund. 

 

Publisert: 4. august 2026, 16:57