Måndag kveld var første kveld med skyteprøve for jegrar på skytebanen i Ranheimsvingen. Søya og Todalen skytterlag stod som arrangør og her blir det skyteprøver kvar måndagskveld i juli og august – tilsaman 10 kveldar. Det var mange som nytta høvet til å starte med prøveskot alt første kvelden, og mange tykte det var godt å kome i gang.
Reglane er slik at det skal skytast 30 prøveskot som skal fordelast over 2 kveldar. 30 prøveskot er kriteria for å få prøve seg på sjølve skyteprøven, som er 5 skot mot dyrefigur, med krav om at alle 5 skota er innafor sirkelen som er 30 cm. Du kan skyte fleire gong dersom du har problem med å få alle 5 treff ijnnafor sirkelen, og bra er nok det for det er fort gjort å dra eit skot utom sirkelen.
Det er styret i skyttarlaget og nokre til som deler på vaktene på skytebanen – Denne kvelden var det Bjørn Kvendset som var standplassleiar, medan Tove T. Brøndbo og Hans Torslett. Dei var litt på «tå hev» på sekretariatet med ny app for å handtere resultatet frå skyteprøven digitalt.
Nytt av året er og at det er pålegg om at alle må bruke kammerflagg, slik at ein synleggjer at våpenet er sikra. Hans Torslett, som er leiar i skyttarlaget, tilbyr elles at du kan få kome på skytebanen ein anna kveld, dersom du har behov for innskyting eller prøveskyting og har problem med å møte på måndagskveld. Da er det berre å kontakt.





