Tysdag 23. juni inviterer Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til ny fjelltur. Denne gongen er turmålet Slettfjellet, eit lite omtala fjell. Det ligg på 735 meter over havet og er nabo til Honnstadknyken.
– Frammøte på rasteplassen ovafor Skei klokka 09:30 for samkjøring til bommen på Vinddøldalsvegen, fortel Lars Gudmund Røen i Fjellgruppa. – Dei frå øverbygda kan møte direkte ved bommen, og hugs bompenger og gode sko, legg han til.
Fjellgruppa ønsker vel møtt til medlemmer og andre!

