Laurdag 27. juni frå klokka 09:30 inviterer Todalen Idrettslag til årets utgåve av Todalsdagen på Bordholmen stadion. Todalsdagen blir i år arrangert for trettifjerde gong, og vil som vanleg ha fokus på TodalsCupen i fotball og mosjonsløpa Ræta opp! og Mini-Ræta. Innttekta frå årets Ræta opp og Mini-Ræta går til spleisen «forskningen for Mikkel og andre barn med ultrasjeldne genetiske sykdommer». Endre Talgø, leiar i Todalen IL og Sondre Halset, som er kasserar, håper på godt vêr og mykje folk. – Vi ønsker alle velkommen til Todalsdagen 2026, seier dei to.
TodalsCupen i fotball
TodalsCupen er ein fotballcup for jenter og gutar i klassane J/G 6 til og med J/G 10, der hovudfokuset er trivsel og gode minner. Alle kampane går på naturgras og alle spelarane får fine premiar. Invitasjon til TodalsCupen 2026. Påmeldingsfristen er søndag 21. juni. Meld på lag TodalsCupen 2026.
Ræta opp! og Mini-Ræta
Mosjonsløpa Ræta opp! og Mini-Ræta er løp der heile startkontingenten går i år går til spleisen «forskningen for Mikkel og andre barn med ultrasjeldne genetiske sykdommer». I Ræta opp! spring deltakarane ei løype på rundt 3 kilometer. Løptet har både både trim- og konkurranseklassar. I Mini-Ræta, som er for dei yngste, spring deltakarane 1 runde rundt løpebanen. – Vi håper mange vil bli med på både Ræta opp! og Mini-Ræta for å støtte ei viktig sak, oppfordrar Endre.
Sal av kioskvarer og grillmat
Det er open kiosk under heile arrangementet. Her får ein kjøpt kioskvarer, kaffe og bakels med graut. Det blir også sal av grillmat, der ein får kjøpt pølser i brød og hamburger med eller utan salat. – Denne dagen kan ein få kjøpt både middag og desert med ettermiddagskaffe på Bordholmen, reklamerer Sondre.
Stort sommarlotteri
Det blir også i år stort sommarlotteri med fine gevinstar. Meir informasjon om sommarlotteriet kjem måndag 15. juni, da førehandssalet tek til!
Invitasjon til Todalsdagen 2026
Todalen Idrettslag ønsker alle velkommen til Todalsdagen 2026 på Bordholmen stadion!


