Isak Drøpping frå Trollheimen Fjellsportklubb har motteke idrettsstipend på kroner 50 000 frå Kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune. I tillegg til Isak har også Borghild Oline Holstad frå Hareid IL fått idrettsstipend medan Molde turnforening får årets klubbstipend.
Om idrettsprisen
Idrettsstipendet går kvart år til to utøvarar – ei kvinne og ein mann – i alderen 16-23 år. Dei må kunne vise til gode prestasjonar regionalt, nasjonalt eller internasjonalt. Dei må også vise til gode utviklingsmoglegheiter. I tillegg ønsker fylkeskommunen å støtte opp om ein klubb som viser høgt aktivitetsnivå og god drift, skriver de i en pressemelding onsdag.
Stipendtildelingane viser eit mangfald av idrettsaktivitetar som framhevar utøvarar som gjer det godt i sine idrettar.
– Håper det utgjer ein forskjell
– Vi har mange ambisiøse idrettsutøvarar med veldig gode idrettsprestasjonar frå fylket vårt. Dei hevdar seg både i nasjonale og internasjonale konkurransar. Det kostar ofte mykje for utøvarane å satse på toppidrett, og i mange idrettar er det ikkje mogleg å leve av det. Vi håper at stipendet kan utgjere ein liten forskjell i satsinga, seier Roger Bach, nestleiar i kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Når det gjeld klubbstipendet så viser Bach til at det er mange idrettsklubbar som kvar dag utgjer ein forskjell i livet til barn og unge.
– Vi verdset denne innsatsen og er glad for å kunne dele ut stipendet, seier Bach.
Har som mål å få delta i OL i 2030
Isak Drøpping er 19 år, kjem frå Surnadal og representerer Trollheimen Fjellsportklubb. Han driv med randonee om vinteren og fjelløp i sommarsesongen. Han har topplasseringar i begge idrettane og set bronsjemedaljen frå junior-VM i randonee i 2025 høgast av alle. Han har også ein 2. plass i ein verdscupkonkurranse for ungdom i randonee.
I fjelløp vart han juniornorgesmeister i 2025 og kom på 2. plass i ungdoms-VM (klassa for 18 år og yngre) i 2024.
I randonee har Isak mål om å delta i OL i 2030, og i fjelløp er målet å prestere i internasjonale løp så vel som nasjonale og lokale løp. Isak ønsker å bruke stipendet på trenarhjelp, til utstyr, og til å delta på treningssamlingar.

