Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nasjonal test av Naudnettet onsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 8. juni 2026
Surnadal kommune informerer om at det rundt klokka 12:00 onsdag 10. juni blir det test av Naudvarsel på mobil og Sivilforsvarets varslingsanlegg over heile Norge. Dette er ein felles nasjonal varslingsprøve. 

Om testen

Det er politiet som sender ut test av Naudvarsel på mobil. Sivilforsvaret testar samtidig tyfoaane sine med signalet «Viktig melding – søk informasjon».

Varslingsprøven den 10. juni blir gjennomført over heile landet, rundt klokka 12:00. Det betyr at mobiltelefonar i heile landet vil vibrere og spele av eit høgt lydsignal, samtidig som tyfonane ular.

Del gjerne informasjon om varslingsprøven med dine næraste, slik at flest mogleg er førebudde og veit at dette berre er ein test.

  • Varselet kjem på norsk eller engelsk. På skjermen står det at det berre er ein test. Du fjernar varselet ved å “dra” det vekk eller klikke OK. Om du ikkje ønsker å motta varselet – sett mobilen i Fly-modus. 
  • Alle nyare og oppdaterte mobiltelefonar som befinn seg i Norge og som er kopla på 4G eller 5G kan motta testen. Får ein ikkje varsel? Meir informasjon om kva mobilar som kan motta Naudvarsel.
  • I ein reell situasjon inneheld eit nødvarsel informasjon om kva som skjer, og kva du bør gjere for å beskytte deg sjølv.

På sivilforsvaret.no finn du meir informasjon om varslingsanlegga

Publisert: 8. juni 2026, 16:48