Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til ein annleis medlemsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 5. juni 2026
Onsdag 17. juni klokka 15:00 inviterer Pensjonistforbundet Surnadal til eit annleis medlemsmøte. Da har dei nemleg invitert seg sjølv til Syltøran stadion for å møte ti staute pensjonistar og få høyre kva dei bidreg med på Syltøran. «Dei viser til gagns at «Eldre er en ressurs»!. De fortjener virkelig både heder og ære!, heiter det i invitasjonen frå Pensjonistforbundet Surnadal. 
 
Møtet tek til som vanleg klokka 15:00. Det kan hende møtet varer litt lenger enn det medlemmane er vant til, men det bør gå bra!
 
Det blir informasjon og det blir omvising rundt på det flott anlegg på Syltøran stadion.
 
«Det er imponerende hva de har fått til, «Syltøras venner»», står det å lese. 
 
Det blir som vanlig kaffe med litt å bite i og loddsal.
 
Det er ikke skilta, men ta til venstre etter EIK-senteret. Vegen svingar litt, men Bankhallen bør vere lett å få augo på!
 
Har ein ikkje bil sjølv, kjenner ein kanskje nokon som gjerne tek med ein passasjer eller to?
 
Styret i Pernjonistforbundet Surnadal ønsker hjertelig vel møtt!
Publisert: 5. juni 2026, 14:48