Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stavgangarane tok turen til Bøfjorden

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 22. mai 2026

Torsdag inviterte Stavganggruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til stavgangtur til Steinholmlia i Bøfjorden. Oppmøte og start på turen var på Settemsøra. – Godt folk får godt vær og alle 23 kosa seg, kunne Wenche Kvendset i Stavganggruppa fortelje etter turen.

Stavgangarane møtte ein svane på turen, men han ville ikkje vere med på stavgang, berre bli fotografert! Foto: Wenche Kvendset

Kaffepause tok i stavgangarane i gapahuken ved Mjøksanden.

Fin tur til Steinholmlia torsdag. Foto: Wenche Kvendset

– Der traff vi ei trivelig svane som ble behørlig fotografert, avsluttar Wenche.   

Ein liten pause på tømmerstokkane var godt. Foto: Wenche Kvendset

Neste veke tek stavgangarane turen til Nordvik og Brannhaugen.        

Først publisert: 22. mai 2026, 05:00 - Sist oppdatert: 27. mai 2026, 06:14