Stangvik sokneråd inviterer onsdag 29. april klokka 19:00 for første gong til Sjømannskyrkjekveld i Stangvik kyrkje. Frå Sjømannskyrkja kjem Ole Jacob Risnes for å fortelje om Sjømannskyrkja si pop-up kjyrkje under vinter OL i Milano og Cortina. Han vil også vise nokre videohelsingar frå ulike sjømannskyrkjer rundt omkring i verda.
Så vil vi få eit foredrag med Rannveig og Torbjørn Brøske, som fortel om livet sitt som sjømannsprestepar gjennom 14 år både i Paris, San Fransisco, Stockholm og på Costa del Sol.
Songkoret Prosjekt 17, under leiing av Bernt Idar Bøe vil synge kjente og kjære songar om våren og livet på sjøen. Organist er Oddveig Helset Halle, som står for dei musikalske innslaga.
Det vert mykje allsong, frå eit eige songhefte med typiske songar fra Sjømannskyrkjelivet. I midtgangen vil det vere langbord med sjømannskyrkja spesial, bakels og kanskje nokre andre godsaker.
Det blir utlodning med fine gevinstar til inntekt for Sjømannskyrkja, som blir leia av sokneprest Pål Arne Winsnes.
Stangvik sokneråd håpar på godt oppmøte!
Alle er velkomne!

