Tidlegare ordførar i Surnadal kommune, Lilly Gunn Nyheim (65), er valt til ny leiar i Nasjonalforeningen for folkehelsen Møre og Romsdal. Nyeim representerer Surnadal demensforening og helselag.
Foreininga er ein interesseorganisasjon for menneske med demens og deira pårørande. Det var under fylkeslagets årsmøtet på Åndalsnes i helga at Nyheim vart valt. Nasjonalforeningen for folkehelse Møre og Romsdal har 57 lokalag, der Surnadal demensforening og helselag er det desidert største laget.

