Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til ope møte i Pensjonistforbundet

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 16. mars 2026
Styret i Pensjonistforbundet Surnadal inviterer, både medlemmer og ikkjemedlemmer, til ope møte onsdag 25. mars klokka 15:00 i lokala til Srunadal frivilligsentral i Fiskegården på Skei. 
 
Til møtet får dei besøk av Solveig Haglund og Ann Foldnes Fiske frå Surnadal demensforening og helselag. Det blir som eit kurs med namnet «Demensvennlig samfunn».
 
Det er knytta mykje skam til sjukdommen demens. Skamma blir ei tung belastning for både den som er sjuk og for dem som står nær.
 
Openheit og kunnskap er midla som vi skal nyttast for å betre vonde liv.
 
Det blir som vanlig kaffe og loddsalg.   
 
Pensjonistforbundet Surnaal ønske alle hjarteleg velkomne!
Publisert: 16. mars 2026, 12:15