Trollheimen Fjellsportklubb skal frå 12. – 15. februar arrangere World Cup for ungdommar (YWC), i Sæterlia (Surnadal Alpinsenter, på Vang og på Kårvatn. I samband med dette er det behov for fleire overnattingsstadar, og fjellsportklubben er no på utkikk etter hus, leiligheiter og hytter som folk kunne tenke seg å leige ut desse dagane.
Påmeldinga har opna, og det har så langt vore stor pågang for å skaffe seg overnatting. Det er fleire som leiger ut gjennom Airbnb i Surnadal kommune, men det kan være at fjellsportklubben har behov for enda fleire overnattingsstadar enn det som per i dag er tilgjengelig.
Difor er fjellsportklubben no på utkikk om det er fleire som driv med utleige enn det dei så langt har registrert, og som kan vere interessert i å leige ut?
Om det er nokon som har noko å leige ut, så kan ein registrere dette på Accommodation :: Skimo-no,
Så er det nokon som har noko å leige ut under YWC, så er det berre å registrere seg snarast!

