Fredag var første driftsdag for Sondre Halset som ny eigar og drivar av Matkroken Todalen. Dette vart feira med gratis kaffe, Kvæfjord- og gulrotkake til alle kundar som var innom på handel den første handledagen i det nye året.
Som vi tidlegare har skrive, så overtok L. Hals AS drifta av Matkroken Todalen frå L. Hals eftf. AS frå og med 1. januar i år.

To trufaste kundar, Jon Bruset og Kjell Gunnar Polden, klare til å forsyne seg med kake. Foto: B G Ansnes
– Matkroken Todalen er på mange måtar livsnerven i bygda og vi er glade i butikken vår, seier Kjell Gunnar Polden.
– Forresten er det ekte miljøvern og bærekraft i å handle lokalt, legg han til, når han har fått på seg MDG-huva! Vi kan forsikre om at han tok av seg huva før han spiste kake!
Det er framleis att kake, så det er ikkje forseint å ta helgehandelen og få kake og kaffe på kjøpet!

