Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til gratis kino i romjula

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 16. desember 2025

Surnadal Røde Kors har fått tildelt midler fra Bufdir til tiltak for barn, unge og barnefamiliar i romjula. Midlane Surnadal Røde Kors har fått, brukar dei til å gje gratis kinobillettar på den nye Flåklypa-filmen «Fra Paris til Pyramidene søndag 28. desember klokka 13:00 og måndag 29. desember klokka 15:00.

– Vi er kjempeglade for å ha fått desse midlane og at vi på denne måten kan glede barn og unge med gratis kinobillettar no i romjula, seier ei godt nøgd Margit Stenberg i Surnadal Røde Kors si Omsorgsgruppe.  

Den som ønsker å sjå Flåklypa gratis ein av desse dagane, kan hente seg billettar i resepsjonen på Surnadal kulturhus frå og med onsdag 17. desember. Det er lagt ut førti billettar til kvar framsyning, så det kan vere greit å vere ute i god tid!

Surnadal Røde Kors og Surnadal kino ønsker velkommen på den nye Flåklypa-filmen!

Publisert: 16. desember 2025, 15:54