Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Månadens bilete i november er kåra

Guro Redalen Sundag 14. desember 2025

Med vinteren sitt første kvite teppe som motiv, gjekk Anja Nordvik heilt til topps i novemberkåringa av månadens bilete. Biletet «Den første snøen» fekk flest røyster frå dykk lesarar, og sikra seg dermed tittelen månadens bilete i november. Vi gratulerer så mykje!

No står berre éin månad att før kåringa av årets bilete på todalen.no. Det betyr at dette er siste sjanse til å kvalifisere seg. Har du eit foto du vil dele, kan du sende det til red@todalen.no.  Vi set stor pris på alle bidrag.

Publisert: 14. desember 2025, 22:00