Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til «felles middag» julespesial onsdag 17. desember

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 12. desember 2025

Onsdag 17. desember inviterer kyrkja i Surnadal store og små i alle aldrar til «felles middag» julespesial på kyrkjelydshuset. Da blir det servert tradisjonell julemat med ribbe, pølser, medisterkaker, raudkål, poteter, julesaus og dessert. 

Middag blir servert frå klokka 16:00 og blir avsluttar rundt klokka 18:00.

Pris kroner 200, – for vaksne og gratis for barn opptil 12 år. Vipps og kontantar.

Påmelding til middag innan måndag 15. desember. Send SMS med antall personar til Gro Hauge Venås på mobil 971 61 071. Gjev beskjed om eventuelle matallergiar.

«Felles middag julespesial onsdag 17. desember»

Kyrkja i Surnadal ønsker alle hjarteleg velkomne!

Publisert: 12. desember 2025, 05:00