Etter at dei har budd i den gamle apotekbygninga i nærare førti år bestemte Kristen og Anne Grete seg for å prøve å samle historia både for «Gammelapoteket» på Setergarden og for Surnadal Apotek. I 2025 var det nemleg hundre år sia oppstarten for Surnadal apotek, som i dag er lokalisert i ALTI-senteret etter ei mellomlanding i Apotekbygget på Skei, som i dag er kyrkjelydshus.
Onsdag heldt han foredrag for Senioruniversitetet om Surnadal Apotek, med basis i boka som vart ferdig på nyåret i år. Sjølv om dei har budd i den gamle apotekgarden i 40, så har Kristen og Anne Grete teke vare på historia til apoteket – dei har mange gamle protokollar og mykje gammalt utstyr som har vore bruka for lenge sia. Dermed har det vorte mykje graving og leiting både heime og på Nasjonalbiblioteket, Statsarkivet og Nordmørsmusea. Kristen er pensjonert lærar og har inga farmasøytutdanning, men dei faglege spørsmåla har han fått god bistand med hos kona Anne Grete som er farmasøyt og som har jobba i apoteket heile sin yrkesaktive periode – som styrar sia 2005 til ho vart pensjonist i 2022.
Det er lett å sjå i boka at Kristen og Anne Grete har lagt ned ein stor innsats for å samle, gjennomgå og lære korleis drifta har gått føre seg heilt sia starten i 1925 og fram til i dag. Det har vore ei enorm utvikling frå den tida da dei laga det meste av medisinane sjølve og fram til i dag når det ikkje lenger er nokon eigenproduksjon, men berre handel. I dag kjem det meste av virkestoffa og råvarene i medisinane frå Kina og India, men er laga i Europa og USA. Vi er derfor prisgitt leveransar frå utlandet -Kanskje det er lurt å ta vare på utstyret om vi må starte på att med pille-trilling?

Anne Grete Flo hadde laga ei flott utstilling med apotekutstyr på mørkloftet – Ho fortalte og viste korleis utstyret hadde vore bruka. Foto Jon Olav Ørsal
Kristen tok oss med på ei veldig interessant historie – noko av historia kjenner vi men det er også mykje som vi ikkje kjenner. Kristen har samla opplysningar om både drifta, apotekarane og tilsette og har laga ei interessant historie frå starten i 1925 og heilt fram til i dag. I 2002 vart Surnadal apotek selt, og var eit Boots-apotek, der Ingeborg Flo Halle – dotter til Anne Grete og Kristen er dagleg leiar.

Frå utstillinga på mørkloftet – vi kjenner at skap og skuffer frå Gammelapoteket. Foto Jon Olav Ørsal
Etter foredraget vart heile gjengen invitert nedover til «Gammelapoteket» for omvising og orientering om museumutstillinga som Anne Grete har laga på mørkeloftet. Anne Grete orienterte først om korleis dei arbeidde på apoteket i gamle dagar og la for dagen ein stor kunnskap som det var veldig artig å høyre og sjå.
Kristen og Anne Grete har grunn til å være stolte av måten dei har teke var på apotekhistoria på og korleis dei formidla dette gjennom både bokskriving og museumsutstilling på mørkeloftet.





