Onsdag vanka det mange helsingar til Ingrid Todalshaug Ørsahl som runda 100 år – ein jubileumsdag som ho hadde gleda seg til lenge, og endeleg var dagen her. Dagen vart feira saman med familien i kantina på sjukeheimen, der dei aller fleste etterkommarane hadde samla seg for å ta del i feiringa av den store dagen. Jubilanten var i storform, og tykte det var stas med litt feiring av ein slik dag – det var også kart med helsing til jubilanten frå Kong Harald, og ordførar Husgo Pedersen stakk innom med ei blomsterhelsing og vart med på ein runde med kaffe og kaker.

Familien samla til kaffelag ig feiring i kantina på sjukeheimen. Frå venstre Jubilanten sjølv, Ingrid Todalshaug Ørsahl, Mari Todalshaug, Hilde Rødsand, Rolf Todalshaug, Stein Todalshaug, Line Todalshaug, Inger Johanne Iversen, Anne Marit Holten, Gerd Todalshaug (mesta skjult bak Bjørn), og Bjørn Todalshaug. Foto Jon Olav Ørsal
Ingrid voks opp i Haltbakkan utafor Nordvik der dei var 11 søsken, der Ingrid var nummer 8 av dei 11. Skulegangen foregikk i skulen på Nordvik, og her var det å gå til fots innover til Nordvik dei dagane det var skulegong. Mora var mykje sjuk i barndommen hennar, og døde da Ingrid var berre 13 år. Faren hadde ikkje fast arbeid, men hadde mykje av arbeidet sitt på gardane rundt omkring, og elles dreiv han sjøen for å skaffe mat til ein stor familie.
Etter kvart kom Ingrid til Todalen og fekk seg arbeid på gardane og to sesongar var ho setertaus i Romådalen. Da vart ho kjent med Anders Todalshaug, og da ho var 24 år gifta dei seg og etablerte familie, og etter kvart fekk dei 4 ungar – Gerd, Bjørn, Rolf og Mari. Familien bodde på Todalsøra, der Anders hadde bøkkerverkstad og livnerte seg på tønneproduksjon. Her budde familien i same hus som svigerforeldra Børge og Margrete Todalshaug. Ingrid tok seg tilfeldig arbeid på gardane, men fekk etter kvar arbeid som reinhalsar på Talgø – ein jobb ho hadde til å pensjonerte seg i 1995 – 69 år gamal. Ingrid bodde på Todalsøra så lenge ho klarte seg sjølv, men etter kvart flytta ho til omsorgsbustad i Surnadal og bur no på sjukeheimen.

Hugo og Ingrid fann tonen og Hugo lytta når Ingrid hadde den eine historia etter den andre. Foto Jon OLav Ørsal
Mari heldt ein flott tale til mora på vegne av søskenflokken – ho tok fram gode minner frå heimen på Todalsøra. Kor fint og omsorgsfullt dei hadde det i heimen og ho hadde mykje skryt av mora som alltid har stått på for borna og deira familiar og heimen på «Bergå» var nærast som eit pensjonat så no er det på tide at vi takkar for dette, sa Mari.

Kort frå kongen med gratulasjon til jubilanten på 100 årsdagen. Jubilanten hadde fått med seg at kongen var på sjukehuset. Foto Jon Olav Ørsal
Etter at ho kom på sjukeheimen har ho vore med på korsong – Gladkoret, eller Helsekoret som dei no kallar seg, og har fått mykje skryt for songstemma si som ho demonstrerte for oss med å synge «Bind deg en blomekrans». Og som sagt så kom ordførar Hugo Pedersen innom med blomsterhelsing frå kommunen, og han fortalte at han likar å delta i slike lag, det det blir fortalt mange god historier fr «gamle dagar». Hugo og Ingrid fann fort tonen, og dermed vart det mange gode historier både frå livet uti Haltbakkan og livet på Todalsøra i Todalen.

Jubilanten saman med barnebarn og oldebarn – få ventreStein, Jacob, Amund og Line. Foto Jon Olav Ørsal



